Bruk og avlesing av vassmålar

Bestemmelsar for anskaffing, installasjon og gebyr for leige av vassmålar i Surnadal kommune er vedtatt av kommunestyret.

Anskaffing, installasjon og gebyr for leige av vassmålar

Målaren er kommunen sin eigedom og sjølve målaren er innkjøpt av kommunen. Kommunen bestemmer type, plassering og størrelse på målaren, tilpassa forbruket.

Abonnenten må sjølv koste installasjon av vassmålar i konsoll og eventuell flytting av målaren. Installasjon av målar skal utførast av ein godkjent rørleggar, i samsvar med gjeldande reglement. Etter montering skal vassmålaren plomberast av kommunen eller av godkjent rørleggar engasjert av kommunen.

Abonnenten betalar eit årleg gebyr for leige av vassmålar som inkluderer anskaffing, kontroll, vedlikehald, utskifting og administrasjon. Gebyret blir fastsett av kommunen og framgår av gebyrregulativet.

Avlesing

Avlesing av vassmålaren skal gjerast ein gong kvart år. Abonnenten foretar avlesing og innmelding innan fastsett frist. Kommunen sender melding til private abonnentar når det nærmar seg fristen for avlesing mot slutten av året.

Dersom avlesing av vassmålar ikkje blir utført til bestemt tid eller dersom data ikkje blir innmeldt til kommunen, vil årsforbruket bli stipulert. Kommunen kan eventuelt sjølv velje å foreta avlesing av forbruket for abonnenten si rekning (avlesingsgebyr). Avlesingsgebyret blir fastsett av kommunen og framgår av gebyrregulativet.

Kontroll

Kommunen skal ha adgang til vassmålaren for inspeksjon og kontrollavlesing til varsla dato og tid. Vassmålaren må plasserast slik at han er lett tilgjengeleg, både for avlesing og revisjon/utskifting.

Kommunen kan til ei kvar tid, eventuelt etter skriftleg søknad frå leigaren, foreta kontroll av vassmålarar som er i bruk. Dersom kontrollen viser ei feilavlesing på meir enn 5%, vil  årsgebyret for føregåande år bli justert og eventuell utskifting av målaren skjer utan kostnad for leigaren.

Dersom det ikke let seg gjere å rekne feilmålte mengder nøyaktig, utan at dette medfører store kostnadar, vil gebyret for den perioden det er tvil om bli justert etter gjennomsnittet av næraste avlesingsperiode før feilen vart påvist, og/eller etter at den er utbetra.

Fleire tilknytingar

Kvar eigedom skal normalt kun ha ei tilknyting. I dei tilfelle ein eigedom har fleire tilknytingar, skal det installerast ein målar for kvar tilknyting. Eventuelle interne målarar er kommunen uvedkomande.

Andre bestemmelsar

Når vassmålar er montert kan den ikke bli fjerna utan kommunen sitt samtykke.

Dersom vassmålar ikkje kan plasserast frostsikkert,skal gebyret baserast på stipulert forbruk etter vedtatte reknereglar.

Dersom ein målar som er i bruk blir borte eller skadd, skal abonnenten omgåande melde dette til kommunen. Kommunen forbeheld seg rett til å krevje full erstatning for tap eller skade. Plomberte målarar kan kun opnast av kommunen sitt personell eller under oppsyn av kommunen sitt personell. Dersom ein plombe er broten, blir  vassforbruket for aktuell termin fastsett til antatt forbruk gonger 4.

For installasjon og bruk av vassmålarar gjeld for øvrig kommunen sine tekniske bestemmelsar.