Høyring av lokale forskrifter til ny opplæringslov

Surnadal kommune skal vedta fleire forskrifter før skulestart i august 2024. Her kan du lese meir om dei ulike utkasta, og om korleis du kan gi innspel på forskriftene.

Om høyringa

I ny Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (Opplæringslova) som trer i kraft frå 1. august 2024, er det fleire endringar i forhold til dagens lov, blant anna er det krav om at det skal utarbeidast lokale forskrifter. Det vil seie at kommunane må ha høyrt, vedteke og kunngjort nye forskrifter i forhold til ny opplæringslov før 1. august 2024. Det er kommunestyret som fastsett lokale forskrifter.  

Målgruppe for høyringa er barn, føresette og tilsette i skulen. I tillegg er høyringa lagt ut til innbyggarane på heimesida.

Einingsleiar vidaresender forslaget til elevrådet, foreldras arbeidsutval (FAU), skulane sitt skulemiljø - og samarbeidsutval(SSU), tillitsvalde og verneombod ved skulane i kommunen.

Les høyringsnotatet her (PDF, 137 kB)

Høyringsdokument

Hovudutval for tjenesteutvikling har behandla saka i møte 18.03.24 som sak 17/24
Følgjande vedtak vart fatta: Følgjande utkast til forskrifter blir lagt ut på offentleg høyring:

1 Forskrift om permisjon frå skulen (PDF, 127 kB)

2 Forskrift om skulefritidsordningane (SFO) for 2024 - 2027 i Surnadal kommune (PDF, 115 kB)

3 Forskrift om skulereglar og skuledemokrati i Surnadal kommune (PDF, 121 kB)

4 Forskrift om skule- og feriedagar 2024 - 2027 i Surnadal kommune (PDF, 312 kB)

5 Forskrift om hovudmål på kvar skule i Surnadal kommune (PDF, 116 kB)

Høyringsfrist

Høyringsfristen er 02.06.2024. Send innspel til ulike forskrifter via e-post:

Innspel på forskrift om permisjon frå skulen

Innspel på forskrift om skulefritidsordning

Innspel på forskrift om skulereglar og skuledemokrati

Innspel på forskrift om skule- og feriedagar 2024-2027

Innspel på forskrift om hovudmål på kvar skule