Opning av Stikk UT!-sesongen i Surnadal

Opninga vart markert ved kvilebua på Kavlvegen kultursti onsdag 1. mai.

Frå Kavlvegen kultursti på Eidet Norunn Holten

Stikk UT!-turar i Surnadal

Kavlvegen er eit av fire nye turmål denne sesongen. Dei som er tilgjengelege frå 1. mai er: 

  • Hjelmen
  • Hyllrabben, Åsskard (ny)
  • Kavlvegen - frå Åsen (ny)
  • Kleiva, Skei
  • Klåberget, Kvanne
  • Langøya, Vindøldalen (ny)
  • Mulneset, Kvanne
  • Sjøasetervatnet, når stien blir tørr nok
  • Skarven, Bøverdalen
  • Strandasetra, Nedre Surnadal
  • Svartvassparken, Nedre Surnadal (ny)
  • Svinvikrunden, Svinvika
  • Toåa tursti

Kart skal ha kome i postkassane. Men har du ikkje fått, kan du hente deg kart i resepsjonen i kulturhuset eller på bygdebokkontoret. For meir informasjon om Stikk UT! og alle turmål i fylket, gå til stikkut.no

(Norunn Holten er Stikk UT!-ansvarleg i Surnadal, og kan kontaktast på tlf. 906 13 077 )

Stikk UT!-vett og allemannsplikten

Stikk UT! er eit viktig folkehelsetiltak, men kan også medføre negative konsekvensar dersom vi ikkje tar vare på naturen og viser hensyn til grunneigarar, dyr og fuglar. Det er fint om både nybegynnarar og erfarne sett seg inn i Stikk UT!-vett og allemannsplikten og bidrar til god turkultur. 

Foto av Stikkut-vett reglar - Klikk for stort bilde