Brukarstøtte

Det er etablert felles brukarstøtte for kommunane i IKT-Orkidè, no kjend som Servicedesken.
Dette vil vere din nye servicedesk for alle IT-relaterte problem, spørsmål og forespørslar. Opningstida vil vere frå kl. 07:00 – 15:30.

Korleis få kontakt med servicedesken?

 

  • Send din forespørsel til servicedesk@iktorkide.no
  • Ring for å snakke med ein av våre medarbeidarar på telefon: 715 74 050
  • Chat på Skype for business (Kjem innan årsskifte)

I Servicedesken sitt det folk heile opningstida og ventar på at du skal ta kontakt! Vi svarar på telefon innan 30 sekund og løser dei aller fleste forespørslar medan vi snakkar med deg. Dei vanskelege sakene sender vi vidare til IKT Orkidé eller di IT-avdeling.


IT-avdelinga i din kommune får med dette betre tid til å hjelpe deg. Sidan Servicedesken løser alle dei vanlegaste henvendingane umiddelbart, samt gjer dei første undersøkingane, får IT-avdelinga di betre moglegheit til å hjelpe til med dei sakene som tek litt tid.

Kva kan vi bistå med?

Vi bistår med glømte passord, Office-program, Skype, Visma, Gerica, Profil, HSPro, Familia og ePhorte m.m. Alle tenester som kommunen din får levert frå IKT Orkidé blir fulgt opp av Servicedesken, og vi følger saka til den er løst.

Saker som gjeld din kommune sitt nettverk og fagsystem blir registrert og satt over til di lokale IT-avdeling for oppfølging samsan med deg. Servicedesken har kontorplass på Kongens Plass 5 i Kristiansund.


Erik Ingebrigtsen Service Manager Servicedesken