Grafisk profil

Den visuelle profilen for Surnadal kommune er utvikla for å gi oss ein felles og tydeleg identitet når vi kommuniserer på vegne av kommunen. Vi skal vere lett å kjenne att og lett å forstå i all kommunikasjon.

Illustrasjon grafisk profil - Klikk for stort bilde  

Saman med innbyggarane forvaltar vi verdiar som er foredla gjennom mange generasjonar. Profilen bygger vidare på dette perspektivet. Dekorelementet i profilen viser dynamiske krefter som har forma og gir liv til vidare foredling, fornying og trivsel i vår kommune.

Profilhandboka er ein felles ressurs som inneheld eit sett med malar og retningslinjer for korleis vi skal bruke den visuelle profilen i det daglege arbeidet. Profilhandboka er også eit viktig verktøy for eksterne samarbeidspartnarar. Gjer deg kjent med profilhandboka før du lastar ned og tek i bruk nye felles malar.