Askeladden på biblioteket

«Askeladden og gullfuglen» er ikkje av dei mest kjente eventyra. Dess større grunn til å få det med seg når Askeladden Friteater kjem til Surnadal folkebibliotek onsdag 11. september kl. 10.

Teaterstykket er for dei under skulealder, og da frå to år og oppover. Barnehagane har fått eigen invitasjon. Men dei som ikkje er i barnehage er også velkomne, saman med foreldre/føresette.

Gratis inngang og stykket varar i 35-40 minutt. Forestillinga er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune og Nasjonalbiblioteket/Bokåret.