Barnehageopptak og søknadsfrist for 2019-2020

Klikk for stort bilde Vi minner om at søknadsfristen for opptak i kommunale barnehagar i Surnadal for barnehageåret 2019-2020 er 15. februar. Her er informasjon til deg som skal søkje om barnehageplass.

Du skal ikkje søkje for barn som allereie har plass, og ikkje skal endre plassen sin.
Det nye barnehageåret startar den 15. august 2019.

Søknadsskjema for nye søkjarar finn du her.

Tildeling av plass skjer i høve reglane i barnehagelova, kommunen sine vedtekter og forskrift om saksbehandlingsreglar ved opptak i barnehage. Du vil få svar på søknaden din til hovudopptaket så snart som mogleg etter at søknadsfristen er gått ut, og seinast innan medio mars.

Du kan få hjelp til utfylling av skjemaet på servicetorget i kommunen. Dersom du ønskjer det, kan du også få utlevert papirversjon av skjemaet. Eventuelt papirskjema sender du til:

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 Surnadal

Velkomen som søkjar!

Kommunalsjefen