Begrensa reopning av kveldstilbod i svømmehallen

Klikk for stort bildeSvømmehallen har i lang tid vore stengt på kveldstid på grunn av koronasituasjonen. Vi ønsker no å prøve ei alternativ opning på kveldstid der vi ser bort frå tidlegare tildelte tider.

Timebestilling

Med omsyn til smittevern og krav til avstand er det begrensa kapasitet. Vi ber alle sjå bort frå tidlegare tildelte tider på kveld. For å kunne bruke svømmehallen på kveldstid må du bestille tid på førehand i det avgrensa tidsrommet svømmehallen er open. 

Opningstider: Tysdag og torsdag, kl. 17.00 – 18.30 og 19.00 – 20.30.

Timebestillig på telefon: Ring og bestill på tlf. 489 92 483 mån-fredag kl. 13.00 – 15.00.

Første opningsdag er 16.02.2021.

NB! I veke 8 er svømmehallen stengt grunna planlagt vedlikehald.

Grunna obligatorisk reinhald er det viktig at alle er ferdig og ute av bygget ved sluttidspunkt.

Vi tek forbehold om at tilbodet kan bli stengt igjen dersom koronasituasjonen tilseier det.