Bli med i ICDP-foreldregruppe for ungdomsforeldre i Surnadal

icdp_logo ICDP står for International Child Development Programme. Det er eit enkelt helsefremmande og førebyggande program som har som mål å styrkje omsorgen og oppveksten for barn og unge.

Kva betyr det for deg å vere forelder til ein tenåring, og korleis kan du legge til rette for eit godt forhold?

Er du ungdomsforelder og har lyst til å bli med i ei foreldregruppe, så er det no mulegheit for det! Som foreldre har vi alle mange gleder og naturleg nok også utfordringar. Ungdomstida er ei ekstra spennande og krevande tid både for ungdommen og foreldre. Det skjer både kroppslege forandringar og dei skal skape sin eigen identitet. Ungdommane blir meir opptatt av vener, og foreldre må finne nye måtar å vere forelder på.

I foreldregruppene blir det lagt til rette for å møte andre foreldre, dele erfaringar og snakke om både det som er bra og det som kan vere meir utfordrande. I slike grupper kan ein blant annet få vite meir om korleis andre foreldre løyser vanlege utfordringar, og ein kan dele tankar og idear. Gruppa kan også bli ein fin arena for å diskutere felles «køyrereglar» for ungdommane våre i forhold til f.eks. grensesetting (fest, alkohol, innetider, osv.).

Gruppene følger eit opplegg der 8 ulike tema for godt samspel blir teke opp. Korleis kan eg få eit enda betre forhold til ungdommen min? Kva slags foreldre ønsker vi å vere? Når får vi til det gode samspelet? Korleis kan vi gjere meir av det som fungerer?

Vi ønsker å understreke at dette tilbodet er meint som eit førebyggande tiltak til alle foreldre i kommunen. Ein må ikkje ha eit problem eller ein vanske av noko slag.

ICDP –gruppa er ment for alle foreldre som har ungdom på ungdomsskule.

Første samling er torsdag den 9. januar kl. 18-20 på Familiens hus på Skei (helsestasjonen), og samlingane vil gå over 8 veker. Vi møtest kvar veke og er saman i ca. 2 timar. Det er ønskeleg at alle deltek på alle samlingane.

Frist for påmelding: 18. desember 2019. NB! Det er berre plass til 8 personar i gruppa.

Dersom du tykkje dette kan være noko for deg så kan du melde deg på til Helsesjukepleier Heidi E. Fiske mob. 48183652 eller Ungdomskontakt Kristin Børset mob. 91159310. Du kan enten ringe eller sende sms (sms med namnet ditt og at du ønske å melde deg på gruppe). Ring gjerne dersom du har nokon spørsmål til ovannemnte!

For meir informasjon, sjå heimesida vår Icdp.tips og Bufdir si side foreldrehverdag.no (ungdom)

VELKOMMEN!