Eigedomsskattelister 2023 til offentleg ettersyn

Bilde av ei hand som held eit leikehus - Klikk for stort bilde canva.com

Eigedomsskattelister og fritakslister er lagt ut til offentleg ettersyn. Klagefristen er 6 veker etter at listenene er lagt ut. Klageadgang gjeld alle forhold som ikkje tidlegare er påklaga.

Eigedomsskatt 2023

Eigedomsskatt for 2023 i Surnadal kommune er utskriven jamfør vedtak i kommunestyret den 15.12.2022 sak 74/2.

Skattelista for eigedomsskatt i Surnadal kommune er også lagt ut til offentleg ettersyn i ekspedisjonen på kommunehuset frå 01.03.2023.

Skatten er 7 ‰ av taksten med unntak for bustader og fritidsbustader der skatten er 3,41 ‰ av berekningsgrunnlaget. Eiendomsskatten fakturerast saman med kommunale avgifter i fire terminar.

Klage på eigedomsskatt

Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremmast kvart år i forbindelse med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare.

Klagen skal være skriftleg og sendast: Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal eller på e-post: post@surnadal.kommune.no 

Klagesfrist: 12. april 2023

Sjå skattelistene her

Eigedomsskatteliste 2023 (PDF, 4 MB)

Fritaksliste 2023 (PDF, 68 kB)