Ekstremveret Hans og nødvarsel på SMS

verkart med farevarsel for ekstremveret Hans - Klikk for stort bilde Meteorologisk institutt

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal varslar om utsending av nødvarsel på SMS i dag. SMS-varselet er først og framst berekna på turistar i fjellet, men også du kan motta det.

Kvifor nødvarsel på SMS?

Etter avtale med Statsforvaltaren i Innlandet blir det i løpet av kort tid sent ut eit nødvarsel på SMS til følgjande kommunar i vårt fylke: Surnadal, Sunndal, Molde, Rauma og Fjord. Det er Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som har varsla oss om dette i dag.

Varselet vil vere på norsk, engelsk og tysk og er først og framst berekna på reisande turistar som oppheld seg i fjellet. Varselet treffer folk som oppheld seg i dei områda som er vurdert som ekstra utsett, også personar som kanskje primært ikkje er i målgruppa. 

SMS-varselet vil sjå slik ut:

«Det er ventet ekstremt mye nedbør i deler av Sør-Norge. Ta forholdsregler og følg råd fra myndighetene. Vurder nøye om reisen faktisk er nødvendig. Mer informasjon her: https://www.yr.no/nb/ekstrem/hans»

«Extremely heavy rain is expected in parts of South Norway. Take precautions and follow the advice from emergency authorities! Carefully consider whether the journey is necessary. Information in English: https://www.yr.no/en/extreme/hans»

«In Teilen Süd-Norwegens werden extrem starke Regenfälle erwartet. Treffen Sie Vorsichtsmaßnahmen und befolgen Sie die Anweisungen der Behörden. Überlegen Sie sorgfältig, ob die Reise tatsächlich notwendig ist. Weitere Informationen hier: https://www.yr.no/nb/ekstrem/hans»