Har laget ditt eller forsamlingshuset ditt planar for perioden 2023–2026 der de ser for dykk å få støtte frå det offentlege (som spelemidlar frå Norsk Tipping)? Da må de kome med i anleggsoversikta i «Plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv». Folkemøtet er forarbeid til akkurat denne planen.
Ein håpar difor å få varsel på møtet om alle planlagde anlegg for den komande fireårsperioden. Ta kontakt med kultureininga om de har planar, men ikkje kan møte, for fristane er svært knappe utover hausten.
Temaet for møtet er altså planlagt anleggsutbygging, og kva ein må forhalde seg til av fristar og krav for å kome på lista.
Elles vil ein kome inn på kva som har skjedd av anleggsutbygging i siste periode, og idrettskretsen vil også delta med eige innlegg.