Folldalen: Trafikkinformasjon frå Statkraft Energi

Folldalen Statkraft Energi Pågåande anleggstrafikk kombinert med auka turisttrafikk  i Folldalen, gjer at Statkraft Energi no kjem med følgande informasjon:

Turisttrafikken i Folldalen begynner å ta seg opp og med anleggstrafikken som pågår blir det dårleg med plassen enkelte stader. Vi vil difor be dei som ferdast om å parkere slik at trafikken langs vegen ikkje blir hindra, og samtidig parkere slik at det blir plass til flest muleg.

For trafikken over Follsjø-dammen må ein sjekke at det ikkje er andre køyretøy på dammen når ein køyrer ut på dammen, da det ikkje er møteplassar på dammen. Det er også all stans forbode på dammen. Når ein kjem over dammen så køyrer ein ikkje ned til høgre men køyrer inn mot Soliråa. Dette fordi vi har behov for at alle møteplassar er frie slik at dumperane kan møtast i bakken der. Det vil seie at vegen vil bli stengt for all trafikk bortsett frå anleggstrafikk.

Ta omsyn til andre når du ferdast langs vegen så vi ungår ulykker.