Gjennomgått Hepatitt A i barnehage

Eit barnehagebarn i Surnadal har fått påvist reaksjon etter å ha gjennomgått den smittsame virussjukdommen Hepatitt A.

Bilde av kommuneoverlege Bjørn Carsten Buan - Klikk for stort bilde Surnadal kommune

Smitte av hepatitt A

Smitte av hepatitt A er ikkje vanleg i Norge. Hepatitt A er ein leverbetennelse som kan gi gulsott. Sjukdommen kan gi plagar med feber, kvalme, oppkast, mangel på apetitt, magesmerter, mørk urin og lys avføring, men sjeldnare diare. 

Vanlegvis blir folk heilt friske etter gjennomgått sjukdom. Frå smitte til utbrot av symptom tar det 2 - 6 veker, vanlegvis omlag 4 veker. Smitta personar kan smitte vidare to veker før utbrot av symptom og omlag ei veke etter at symptoma er borte. 

Barn i skule og barnehage med symptom som kan vere foreinelege med hepatitt A skal halde seg heime. 

Foreløpig veit vi ikkje om det er eit utbrot i den aktuelle barnehagen, men vi iverksett førebyggande tiltak for å redusere smitterisikoen. Det er ikkje grunn til å stenge barnehagen ut frå det vi veit per i dag. 

Føresette er informerte. 

Folkehelseinstituttet har meir informasjon om Hepatitt A

Med helsing

Bjørn Buan
Kommuneoverlege