ReMidt skriv på sine heimesider at den einaste sikre måten å bli kvitt framande artar på, er å brenne dei. Det betyr at spesielt hardføre artar, som sitkagran, lupiner og nyperoser, bør leverast til gjenvinningsstasjonen. Alternativt kan røter og frøkapslar kastast i restavfallet som og vil gå til forbrenning.
Ved levering av hagerømlingar til gjenvinningsstasjonen ber ReMidt om at du pakkar plantene godt inn i plast, slik at frø og plantedelar ikkej blir spreidd under transport og på mottaket. Ta kontakt med dei som jobbar på anlegget for å gjere dei merksame på kva du leverer og at det blir sortert rett.
På ReMidt sine heimesider finn ein lenker til oversikt over uønska artar og artar som er forbode no eller blir forbode i 2021.
Les heile artikkelen om hagerømlingar på ReMidt sine heimesider