Heider for 25 års teneste og takk til pensjonistar

Onsdag 14.mai var det tilstelning på Thon Hotell Surnadal for kommunalt tilsette som har oppnådd 25 års teneste i kommunen og for dei som har vorte pensjonistar i løpet av 2018.

Dei som har oppnådd 25 års teneste fekk utdelt klokke og blomster, og dei som har vorte pensjonistar fekk utdelt bilde og blomster. Ordførar og rådmann stod for overrekkinga, og takka for innsatsen som desse arbeidstakarane har lagt ned for Surnadal kommune gjennom mange år! 

Det var underhaldning ved dyktige elevar frå Kulturskulen. Mikaela Sveen Hjertø og Synnøve Meisingset song og spilte piano. Etterpå var det middag og triveleg selskap. Her er nokre bilder frå utdelinga.

Dei som har 25 års teneste:

Dei som fekk klokker etter 25 års teneste

Frå venstre: Signe Lill Aasland, Ann Helen Gjerdevik, Ingebjørg Sylte Hamnes, Kjetil Sogge, Anne Grete Snøfugl, Randi Næss, Beret Sande, rådmann Knut Haugen og ordførar Lilly Gunn Nyheim.

Dei som har vorte pensjonistar: 

Dei som fekk kunstverk - pensjonistar

Frå venstre: Per Dønnem, rådmann Knut Haugen, Ingrid Fiske, Lisbet Ansnes, Dagny Garte, Sissel Gravvold, Mariann Hoset, Gunnveig Heggset Røen, Odd Arild Sande, Britt Eli Brønstad og ordførar Lilly Gunn Nyheim.

Heile gjengen samla!