Husk bandtvang for hund!

For at ikkje uskuldige dyr skal li og dø smertefullt er det svært viktig at alle overheld bandtvangen for hund.

Lam skambitt av hund  - Klikk for stort bildeLam skambitt av hund

Lause hundar kan gjere stor skade på kort tid. Dei kan rive ihjel dyr, jage dei slik at dei blir sprengt og jage dei utfor stup og ut i myrer eller vatn slik at dei druknar.  Lam kan lett kome bort frå mødrene sine slik at dei ikkje får mjølketilgangen dei treng. 

Slike skader kan òg sjølvsagt skje med andre dyr og fuglar som oppheld seg i den norske naturen vår.  På denne tida av året er naturen full av dyr og fuglar som klekker og føder sine ungar.  Dyrelivet er ekstra sårbart i sommarhalvåret.

I den lokale forskrifta om utvida bandtvang for hund, Surnadal kommune § 1.Generell bandtvangstid står det:

“Eigar eller innehavar av hund i Surnadal kommune skal halde hunden i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda i område der bufe beiter og i den tid bufe beiter, frå og med 1. april til og med 31. oktober.”

https://www.surnadal.kommune.no/.../natur-og.../bandtvang/