Ikkje Stikk UT! Ski riktig enda

Klikk for stort bildeFrå Svartvatnet, som er Stikk UT!-post på sommars tid. Bildet viser kor lite snø det er også i høgda. Svartvatnet ligg på 284 moh.  

Det vart dessverre ikkje snø til 15. desember og startdatoen for Stikk UT! ski her i Surnadal. Så langt er Stikk UT! ski-postane sperra for registrering fram til 20. januar. Vi håpar snøen er komen til den tid!

Elles vil postane bli opna så snart kodane er komne ut, slik at du kan gå til dei på barmark og registrere deg medan du ventar på snøen. Kva postar som opnar, blir kjentgjort fortløpande på «StikkUt Surnadal»-sida på facebook.

Elles er dette med å gå til skipostane utan ski eit unntak som berre gjeld fram til snøen er komen og løyper opptråkka. Da er det berre ski som gjeld!

Eit heitt tips i forhold til fotturar på frosen mark er elles å ha med broddar, for du kan oppleva både issvollar og skare med ishinne. Eit par skikkelege broddar er ei god investering for å koma seg ut, sjølv når folk seier det ikkje er «framkommanj»!