Informasjonsmøte 28. mars om ankomst av flyktningar frå Ukraina

Barn på flukt - Klikk for stort bilde canva.com Surnadal kommune mobiliserar frivilligheita til felles innsats.

Informasjon om ankomst av flyktningar frå Ukraina

Norge gir kollektiv foreløpig beskyttelse til ukrainske borgarar på flukt frå krigen i Ukraina.  Surnadal kommune er anmoda om å busette hundre personar. Vi veit ikkje nøyaktig når og kor mange som kjem samtidig, men vi må rigge oss til å kunne ta i mot på kort varsel. I tillegg til mobilisering av frivilligheita skal vi straks i gang med kartlegging av tilgang til bustader i privat eige og tilgang til personell som kan stå til disposisjon for kommunal tenesteyting.

Mange av dei som kjem hit vil vere mødre med barn, men også eldre og einslege mindreårige kan komme. Innsats frå frivillige vil bety særs mykje i arbeidet med å hjelpe folk over i ein ny kvardag med ei kjensle av tilhøyrigheit og tryggleik. Det handlar i stort og smått om overgangen frå det å overleve til det å leve. Frivillige lag og organisasjonar er difor inviterte til eit informasjonsmøte førstkommande måndag. 

Informasjonsmøte for frivillige lag og organisasjonar 28. mars

Tid og stad: Måndag 28.mars kl. 19:00 til kl. 21:00 i Svorkasalen på Surnadal Kulturhus. Av praktiske grunnar ber vi om at de stiller med inntil 2 personar frå kvart lag/organisasjon. 

Program:

Kl. 19.00 - 19.05 Velkommen ved Ordførar Margrethe Svinvik

Kl. 19.05 - 19.30 Orientering om flyktningar og busetting

Kl. 19.30 - 19.40 Status - Grunnskule og barnehage

Kl. 19.40 - 19.50 Status – Helse 

Kl. 19.50 - 20.00 Pause 

Kl. 20.00 - 20.10 Informasjon og støtteordningar for lag og organisasjonar 

Kl. 20.10 - 20.20 Informasjon om bustadsituasjonen

Kl. 20.20 - 20.50 Dialog om samarbeid 

Vel møtt til lokal mobilisering for flykningar frå Ukraina!

Med vennleg helsing

Ordførar Margrethe Svinvik

For informasjon om flyktningar frå Ukraina, sjå nettsidene hos IMDi (Integrerings- og mangfoldsdirektoratet) og UDI (Utlendingsdirektoratet.

For spørsmål og svar om angrepet på Ukraina og korleis Norge handterar dette, sjå regjeringen.no