Invitasjon til grendamøte om Kavlvegen kultursti på Åsen

Vi som arbeidar med Kavlvegen kultursti ønskjer grunneigarar, naboar og andre interesserte hjarteleg velkomne til grendamøt på Åsen bygdemuseum, torsdag 14. mars kl. 19:00- 20:30. På møtet skal vi fortelje litt om planlagde aktivitetar på Åsen i tida framover.

Kavlvegen kultursti er ei stor satsing innan friluftsliv og kulturminne i Surnadal kommune. Arbeidet med kulturstien vil gå over fleire etappar før ein rundtur på omlag 3,5 km frå Åsen og rundt Lomtjønna står ferdig. Første etappe inneber bygging av ein kopi av den gamle kavlvegen. Denne skal leggast ned ved Lomtjønna i sommar som del av kulturstien.

Arbeidet med rekonstruksjonen av den gamle kavlvegen er i gang med hjelp av innleigde og lokale krefter. I tida framover blir det mykje aktivitet på Åsen. Mellom anna kjem 15 studentar i tradisjonshandverk frå NTNU til Åsen 18-22 mars for å ta ut hogst og køyre tømmer med hest på tradisjonelt vis.

Husasnotra, ved byggleiar Torgeir Leivdal, vil fortelje om arbeidet som er i gang og om det vidare arbeidet som skal utførast på området, kursaktivitet og opplæring av frivillige dugnadsfolk.

Det gode samarbeidet med grunneigarar, naboar og frivillige er kjempeviktig for å lukkast med realiseringa av Kavlvegen kultursti. Vi treng innspel frå lokale kjentfolk til korleis vi best kan tilrettelegge arbeidet i terrenget og vi treng frivillige som vil vere med og gjenskape ein bit av lokalhistoria vår.

Frå Surnadal kommune stiller prosjektleiar Anne Lise With Wullum, grunneigarkontakt Norunn Holten, kulturleiar Lilli Husby og frå Nordmøre Museum/avdeling Surnadal, Maja Frønes.

Vel møtt til ein informativ kaffekopp!

Lik Kavlvegen kultursti på Facebook