Invitasjon til innbyggarmøte om Helseplattformen 4. mai

Helseplattformen logo - Klikk for stort bilde    

Invitasjon til orienteringsmøte/folkemøte om Helseplattformen, onsdag 4. mai i Kulturhuset, Svorkasalen, kl. 18.30 – kl. 20.00.

Helseplattformen - ein journal for heile helsetenesta i Midt-Norge

16. juni skal Surnadal kommunestyre ta stilling til deltaking i forprosjekt Helseplattformen.

Kva er Helseplattformen?

Helseplattformen AS skal innføre ein felles pasientjournal for heile helsetenesta i Midt-Norge. Det innebær at kommunar, sjukehus, fastlegar og private aktørar arbeider i den samme pasientjournalløsninga. Helseplattformen skal gje auka kvalitet i pasientbehandlinga, betre pasientsikkerheit, meir brukervennlege system og dermed sette helsepersonell i stand til å utføre sine oppgåver på ein betre og mer effektiv måte. Helseplattformen AS er per i dag eigd av Helse Midt-Norge RHF og Trondheim kommune.

Her finn du meir informasjon om Helseplattformen

Agenda for møtet:

  • Ordføraren ønskjer velkommen
  • Kort orientering om dagens løysingar og korleis dei fungerer.
  • Helseplattformen orienterer om ny løysing og kva dette betyr. Fokus på innbyggjarperspektivet.
  • Status og vidare samarbeid
  • Spørsmål

Vel møtt!