Blant spørsmåla er nokre om koronavaksine. Spørsmåla i FHI-undersøkinga har ingenting med kommunen si lokale SMS-innkalling og tilbod om koronavaksinering å gjere.
Dette melder FHI:
Folkehelseundersøkinga, som er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet (FHI) og Møre og Romsdal fylkeskommune, vil gi viktig informasjon om helse, velferd, trivsel og livskvalitet til innbyggarane i fylket. Det blir også stilt nokre spørsmål om koronavaksine som vil vere til hjelp i smittevernarbeidet og arbeidet med å vaksinere befolkninga.
Tilfeldig utvalde
Innbyggarane som får invitasjon til å delta, er tilfeldig utvalde. Undersøkinga varer i to veker, og er ein del av ei større undersøking om folkehelse i Noreg. Undersøkinga er anonym, og opplysningane blir lagra og behandla i samsvar med regler om personvern. Det er gjennomført liknande undersøkingar i fleire fylke allereie.
Både FHI og fylkeskommunen er merksame på at koronaepidemien vil kunne ha innverknad på korleis folk svarer på dei generelle spørsmåla om helse, velferd, trivsel og livskvalitet, men fylkeshelseundersøkinga blir gjennomført først og fremst med tanke på det langsiktige folkehelsearbeidet.
Undersøkinga inneheld òg ein eigen del spesielt utvikla for Møre og Romsdal. Her er det mellom anna spørsmål om korleis ein reiser til jobb og skule, bruk av grøntområde og kartlegging av muskel- og skjelettplagar.
Viktig med høg svarprosent for god planlegging
Både kommunen og fylkeskommunen ønsker at flest mogleg av dei som får invitasjon til å delta svarar på undersøkinga. På denne måten kan alle bidra til det blir tatt omsyn til kvardagen, livskvaliteten og meiningane til dei som bur i kommunen vår og til forsking på fylkes- og landsbasis. Resultata vil vere svært viktige for korleis vi legg planar i åra framover
Sjå Møre og Romsdal fylkeskommune sine nettsider om folkehelseundersøkinga