Klagebehandling namnesak Øvstbøen

Kartverket vedtok «Øvstbøen» som gardsnamn. No kan partane i saka klage på dette vedtaket.

Det vart kunngjort ny behandling av gardsnamnet Østbøen/Øvstbøen i haust. Alle partar, som ein kjenner til, sendte inn uttale i saka og samtlege gjekk inn for at namnet skulle skrivast utan –v. Partane var grunneigarar med gards- eller bruksnamn der «Østbø», heilt eller delvis, går inn som namn på eigedomen – i tillegg var Eidet Vel og Surnadal kommune part i saka.

Eidet Vel hadde arbeidd fram ein dokumentasjon og argumentasjon for val av Østbø som namn, som fleire av partane viste til.

Surnadal kommune fekk før jul melding frå Kartverket om at dei har vedteke Øvstbøen som gardsnamn i namnesak 2018/333. Konsekvensane av dette er at andre offisielle namn som er avleia av dette også skal skrivast med –v, som Øvstbødalen og Øvstbødalsvegen. Det same gjeld i utgangspunktet også bruk under gardsnr. 47 med «Østbø» i seg, men her kan det vere muleg for nokre sjølv å få påverke namn på eige bruk (jf. § 6 og 8 i lov om stadnamn). 

Alle som hadde uttalerett har også klagerett på dette vedtaket, og alle som har kome med uttale skal ha fått sendt eige brev om saka.

Dei som har klagerett er stat/fylkeskommune/kommune og offentlege instansar som har fått slik rett etter § 1, tredje ledd, i stadnamnlova. Vidare er det eigar eller festar i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom og lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn.

Klagefristen er sett tre veker fram i tid frå denne kunngjeringa. Ein reknar såleis at alle som vil klage har nytta seg av denne retten i løpet av onsdag 30. januar.

Du kan få Kartverket sitt vedtaksbrev ved å vende deg til kommunen, da dette kan vere nyttig informasjon for dei som er part og vil klage på vedtaket. Lov om stadnamn finn du på denne lenka:
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1990-05-18-11?q=lov%20om%20stadnamn

Der finn du også forskrift for lova. Dei aktuelle paragrafane som tek for seg klagebehandlinga, finn du lenger ned..

Du kan i tillegg finne fleire opplysningar om kva som gjeld i klagesaker i Forvaltningslover, kap. VI, som du finn på denne nettstaden: 

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1967-02-10/KAPITTEL_6#KAPITTEL_6 

Ei ev. klage skal stilast til Klagenemnda for stadnamnsaker, merkast med namnesak 2018/333 (Surnadal), og sendast til Kartverket med kopi til kommunen. Klagen skal grunngjevast (sjå § 10 i stadnamnlova), og grunngjevinga må omtale alle namn eller namneledd som klaga gjeld.

Adressa til Kartverket er: post@kartverket.no , eller postadresse: Postboks 600 Sentrum, 3507 Hønefoss

Kommunen skal ha kopi av ev. klage og denne kan sendast til post@surnadal.kommune.no eller til Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.

Om Kartverket står på tidlegare vedtak, vil klaga bli sendt vidare til ei særskild klagenemnd som er oppnemnd av Kulturdepartementet. Dei som har klagerett, har rett til å sjå saksdokumenta som er arkivert av Kartverket. Det er høve til å søkje om utsett iverksetjing av vedtaket til klagefristen er ute eller klaga er avgjord.

Venlegst ta kontakt om de har spørsmål eller om de har andre ting å ta opp som gjeld denne saka.

Her finn du aktuelle paragrafar i lov og forskrift som omhandlar klagebehandlinga:Lov om stadnamn; § 10 – Klage:Vedtak etter denne lova kan påklagast av dei som etter § 5 første ledd bokstav a til c har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn. Tilsvarande

gjeld for vedtak om namnsetjing etter anna lov, dersom vedtaket er i strid med § 3 i lova her. Offentleg organ har berre klagerett i saker som gjeld namn dei skal bruke i tenesta. Klageretten gjeld også vedtak gjorde av kommunar og fylkeskommunar. Klage skal grunngivast. Vedtak gjorde av Kongen og Stortinget kan ikkje påklagast. Feilbruk eller manglande bruk av stadnamn etter § 9 kan påklagast til

overordna departement. Klage over manglande vedtak kan påklagast til klagenemnda.

Departement som gjer vedtak om skrivemåte, har plikt til å ta saka opp til ny avgjerd etter klage. Departementet skal i slike saker innhente tilråding frå klagenemnda.

Forskrift om stadnamn; § 10 – Klage:

Ein klage skal vere skriftleg, og grunngivinga må behandle alle namn eller namneledd klaga gjeld.

Klagen skal sendast til det organet som har fastsett skrivemåten, med kopi til vedkommande kommune dersom kommunen ikkje sjølv er vedtaksorgan. Forvaltningslova kapittel VI gjeld med dei unntaka som går fram av stadnamnlova § 6 og § 10.

Ein klage på eigarfastsett skrivemåte av namn på bruk kan berre gjelde dokumentasjonen som eigaren har lagt fram for Kartverket, eller feil ved saksbehandlinga.

Underinstansen, klageinstansen eller eit anna overordna organ kan fastsetje at eit vedtak ikkje skal setjast i verk før klagefristen er ute eller klaga er avgjord. Avslag på søknad om utsetjing skal vere skriftleg og grunngitt.