Ordinær førehandsstemming
Frå måndag den 12. august til og med fredag den 6. september kan du førehandsstemme ved Surnadal kommunehus i ordinær opningstid, dvs. frå kl. 09.00 – 15.00. Frå måndag den 26. august til torsdag den 5. september er det utvida opningstid frå kl. 09.00 – 17.00. Fredag den 6. september blir det halde ope til kl. 15.30.
Det blir førehandsstemming ved institusjonar og andre stader slik:
- Surnadal Sjukeheim Tysdag 3. september kl. 1000 - 1200
- Bårdshaugen omsorgsbustader Tysdag 3. september kl 1300 – 1500.
- Surnadal vidaregåande skole Onsdag 4. september kl 1000 – 1200
- Nordmøre Folkehøgskule Onsdag 4. september kl. 13.00 – 15.00
Ambulerande stemmegjeving
Dersom du er sjuk eller ufør og ikkje kan stemme på ein av stemmestadene, kan du søkje valstyret om å få stemme heime. Du kan ta kontakt med Surnadal kommune på telefon 71 65 58 00 eller sende skriftleg søknad til Surnadal valstyre, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal om dette. Søknaden må vere valstyret i hende innan tysdag 3. september 2019.
Hugs å ta med legitimasjon og valkort!
Surnadal valstyre