Kontakttelefon for deg som er utsett for seksuelle overgrep

Surnadal kommune har oppretta ein lokal kontakttelefon i forbindelse med Ordføraren si kunngjering 23. september 2025 (PDF, 45 kB).

Dersom du har opplevd former for tvang til seksuelle handlingar eller uønska seksuell kontakt og treng nokon å snakke med, kan du ringe oss på telefon: 477 50 181

Opningstider lokal kontakttelefon: 477 50 181

  • Denne veka (veke 39): Kl. 09.00 - 18.00 på kvardagar
  • Ut september: Kl. 09.00 - 16.00 på kvardagar

Du kan ringe kontakttelefonen uansett kven det er eller var som har utsett deg for seksuelle overgrep. Både barn og vaksne kan ta kontakt, uavhengig av når overgrepa skjedde.

Overgrep mot barn treng ikkje innebere tvang for at det skal reknast som seksuell vald. Når ein person som er mykje eldre enn barnet brukar den makta som ligg i alder til å ha seksuell kontakt, er det uansett eit overgrep. 

Du kan ha opplevd overgrepet nyleg eller for lenge sidan. Uansett kan du vere påverka av det som har skjedd og ha behov for å fortelje om dette. 

Du kan også ta kontakt dersom du har opplevd seksuelle krenkingar eller overgrep ved bruk av digitale verktøy, kor du har blitt tatt bilde av eller filma under seksuelle handlingar, utan ditt samtykke.

Det gjeld også dersom du har opplevd truslar om, eller faktisk deling av seksualiserte bilder eller videoar, utan ditt samtykke.

Du kan trygt snakke med oss i kontakttelefonen.

  • Vi er erfarne helsepersonell med teieplikt. Du kan gjerne vere anonym når du tek kontakt med oss.
  • Når du ringer kontakttelefonen kan du bestemme om du vil snakke med fagfolk i eller utanfor Surnadal kommune. Du vil bli spurt om dette når du tek kontakt.
  • Du bestemmer sjølv kva du vil snakke om og kor mykje du vil fortelje.
  • Du treng ikkje henvisning frå lege eller ha politianmeldt forholdet for å ta kontakt.

Pårørande kan også ringe kontakttelefonen for råd og rettleiing.

Nasjonale hjelpetelefonar

Kontakttelefonen vil vere eit lokalt tilbod i Surnadal ut september 2025, men du kan alltid ta kontakt og få hjelp hos nasjonale hjelpetelefonar: