Melding om overgang frå gult til grønt beredskapsnivå i barnehagane og skulane i Surnadal kommune frå tysdag 01.06.21

Øye barnehage - Klikk for stort bildeØye barnehageVi er glade for å informere om at kommuneoverlege Bjørn Buan saman med leiarane i oppvekst, i dag har vorte einige om å gå frå gult til grønt beredskapsnivå i barnehagane og skulane i Surnadal frå i morgon tysdag 01.06.21.

Dette inneber at barnehagane frå i morgon kan blande barn og tilsette frå dei ulike avdelingane, og difor innfører normal opningstid. Barnehagane startar også opp igjen med smøremåltid, noko som vil bli fakturert frå 01.06.21.

For skulane betyr grønt beredskapsnivå at ein kan blande elevar på tvers av trinn, og SFO vil difor igjen ha normal opningstid. Det blir ikkje tilbod om kantine på skulane før sommarferien.

Minner også om at vi framleis er i ein pandemi, og at dei generelle smittevernstiltaka gjeld:

  • Sjuke personar skal ikkje vere i barnehagen eller skulen
  • Ha god hygiene 
  • Reduser kontakt mellom personar der det er mogleg 
     

Har de spørsmål om dette, kan de ta kontakt med eigen barnehage eller skule.

Astrid Mogstad Høivik                                                                                                                                Kommunalsjef