Namnekonkurranse - Ny 1.-10.- skule på Øye skuleområdet

Surnadal kommune skal byggje ein ny og flott skule for 1.-10.trinn på Øye skuleområde, som skal stå ferdig i løpet av skuleåret 2020/2021.

Men kva skal den nye skulen heite? Vi inviterer alle som har lyst, til å sende inn namneforslag til den nye skulen.

Plan- og byggjenemnda for Øye skuleområde vil velje namn frå dei innsendte forslaga. Det vil bli ei lita overrasking til heldige uttrekte forslagsstillarar!

Frist for innsending av namneforslag: 22.mars 2019

Du kan sende inn forslag på e-post: post@surnadal.kommune.no eller via melding på Facebook-sida vår.