Namnevedtak

Formannskapet behandla på sitt siste møte ei gjenopna sak om namnsetting av tre vegar på Nordmarka. Dei vedtok at namna skulle vere:

a) Vestre Nordmarksvegen for vegen som går frå FV65 og til den møter Austre Nordmarksvegen ved Krokvatnet (gjeldande vedtak: Ytre Nordmarksvegen)  

b) Måvassvegen for vegen som går ned til Måvatnet (gjeldande vedtak: Måvatnet) 

c) Solåsvegen for vegen som går frå skiftet ned mot Andersvatnet og fram til Litlbøvervatnet (som gjeldande vedtak)

Partar kan klage på dette vedtaket. Partar i denne saka er lokale lag og organisasjonar som har ei særleg tilknyting til namnet.*

Surnadal kommune må ha motteke ev. klager innan 15. juni. Om nokon av partane vil nytte seg av klageretten sin, må klaga vere grunngjeve og det må visast til vesentlege moment som anten ikkje har kome nok fram i saksbehandlinga, eller om det er feil i saksframstillinga som har kunne påverke utfallet av saka.

Ein finn sjølve saka her:

https://opengov.360online.com/Meetings/SURNADAL/Meetings/Details/303105?agendaItemId=203761