Målet er at alle innbyggarar - uavhengig av digital kompetanse - skal kjenne seg trygge på kor dei kan få hjelp når dei treng det. Rett og slett ei enkel oversikt over kva kommunen tilbyr og kva du skal spørje etter.
Kva finn du i brosjyren?
Brosjyren inneheld mellom anna:
- Telefonnummer og kontaktpunkt til sentrale kommunale tenester
- Informasjon om praktisk bistand, tryggleik i heimen og helsetenester
- Tilbod om sosial støtte, møteplassar og aktivitetar
Innhaldet er utforma i eit tydeleg og lettlest format, med fokus på språk og informasjon som er enkel å forstå. Brosjyren blir oppdatert årleg.
Slik får du tak i brosjyren
Brosjyren kan:
- lastast ned ved å klikke på lenken nedanfor
- hentast fysisk på servicetorget, biblioteket og frivilligsentralen
- distribuerast via tenestene
Last ned brosjyren her (PDF, 200 kB)
Vi oppmodar pårørande, naboar og frivillige om å dele brosjyren vidare, slik at den når dei som treng den mest.
Har du spørsmål, eller treng du hjelp til å finne rett teneste?
Ta kontakt med sørvicetorget sin telefon 716 55 800