Ny mulegheit for influensavaksinering 14. desember

Bilde av influensavaksinering - Klikk for stort bilde canva.com

Er du anbefalt influensavaksine, men ikkje fått tatt den?

Ny mulegheit for å få influensavaksine

Dersom du er anbefalt influensavaksine, men ikkje fekk tatt den tidlegare i haust, kan du no bestille deg time til 14. desember. Vi vaksinerer på ettermiddagen fra kl 14.30 på Familiens hus. 

Dersom du ønskjer pneumokokkvaksine (mot lungebetennelse) har vi nokre få til overs. Denne er anbefalt kvart 5. år for aktuelle målgrupper. 

Du kan bestille influensavaksine på c19.no eller ved å ringe vaksinetelefonen 913 79 001 på måndag eller fredag mellom  kl. 12.30 - 15.00, eller ved å sende epost til vaksine@surnadal.kommune.no 

Desse er anbefalt influensavaksine årleg

  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Alle over 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i første trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine.
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødde før veke 32 i svangerskapet, frå 6 måneder til 5 år
  • Barn og vaksne med:
    • diabetes type 1 og diabetes type 2.
    • kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsyjudom, leversvikt eller nyresvikt.
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade.
    • nedsett immunforsvar.
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40).
    • annan alvorleg eller kronisk sjukdom som legen din meiner kan gjere deg ekstra utsett ved influensa.

I tillegg er helsepersonell og andre som har pasientkontakt anbefalt influensavaksine. Det same gjeld den som bur saman med pasientar som har svekka immunforsvar grunna sjukdom eller behandling og kan ha dårleg effekt av vaksinen.