Ny runde ! Støttekontaktar

Bli støttekontakt - Klikk for stort bilde canva.com Vi har fortsett ledige fleire oppdrag som støttekontaktar. Gjerne unge og vaksne menn.

Støttekontakttenesta er organisert under eining for Helse–og Familie.

Tenesta er eit fritidstiltak for kommunen sine innbyggarar som treng støtte og bistand for å få til meiningsfulle fritidsaktivitetar og ein betre kvardag.

Som støttekontakt/avlastar har du som oppgåve å hjelpe mennesker med ulike funksjonshemmingar og sosiale utfordringar til eit meir aktivt liv.

Vi søkjer etter støttekontaktar for unge, vaksne og eldre med ulike funksjonshemmingar og diagnosar. Mange har behov for bistand og hjelp for å kunne delta i fritidsaktivitetar og for å ha eit tilfredsstillande sosialt liv.

Aktuelle aktivitetar støttekontakt og brukar kan gjere saman kan vere trening, kino, ulike kulturarrangement, friluftsaktivitetar, konsertar eller gå-/bilturar.  Tenesta tek utgangspunkt i den einskilde sine ønskjer og behov. Timetalet pr. brukar varierer frå 2 til 6 timar pr. veke.

Krav til søkjar:

Støttekontakten må ha fylt 18 år, og vere stabil og påliteleg. Han/ho må like å jobbe med mennesker, ha evne til samarbeid og å kunne jobbe sjølvstendig.  Personleg eigenheit vil bli vektlagt. Det blir krevd politiattest. Søkar bør ha bil, og må kunne køyre.

Vi kan tilby:

Ein positiv og inspirerande jobb. Støttekontaktar får opplæring og rettleiing. Det er gode moglegheiter for fagleg oppdatering og kompetanseheving gjennom ulike opplæringstiltak.

Godtgjersle:

Oppdraget blir betalt med ein  fast sats pr. time etter innlevert timeliste. Støttekontakten får også dekt reisekostnader til og frå brukar frå eigen bustad.  Kilometergodtgjersle etter kommunen/staten sitt reiseregulativ.

Dersom du er interessert, kan du enten skrive, ringe eller ta kontakt med Elizabeth Miciano, rådgjevar ved Surnadal kommune. Tlf. 482 03 716.

Det er heile tida behov for nye støttekontaktar, så er det berre å ta kontakt.