Nytt frå skatteetaten: Overtek skatteoppkrevjar-oppgåver

Skatteetaten overtek ansvaret for kommunale skatteoppkrevjar-oppgåver frå 1. november.

Frå 1. november 2020 overtar Skatteetaten ansvaret for skatteoppkrevjar-oppgåvene som kommunen har i dag.Skatteetaten får eit heilskapleg ansvar for fastsetting, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter. Etter denne datoen er det ikkje lenger skatteoppkrevjar (kemner) i kommunen. 

Meir informasjon vil bli lagt ut på våre nettsider og på skatteetaten.no 

Oppgåvene som blir overførte til Skatteetaten i november er mellom anna behandling av restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgivaravgift, motrekning og utleggstrekk knytte til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift.