Ta Tak er eit kurs for deg som er berørt til nokon som slit med rusmiddelavhengigheit og/eller si psykiske helse. Kurset TA TAK er gratis og går over 6 kveldar, med ein kurskveld i veka.
Tema på kurskveldane:
- Meistring og verdigheit
- Tvang og rettigheiter
- Behandling
- Pårørandeorganisasjonar
- Familieperspektivet, Søsken og andre barn i familien
- Avslutningskveld: Innlegg, diskusjon og oppsummering
Innleiare er fagpersonar frå kommunen, Spesialhelsetenesta, NKS veiledingssenter og pårørande
Kurset vert halde på Sommarotunet aktivitetshus kl.18.00 – 20.30 med oppstart 27.10.21
For informasjon eller påmelding, ta kontakt med:
Arrangør: Surnadal og Rindal kommune i samarbeid med Lærings -og mestringssenteret, Kompetansesenter Rus-Midt-Norge (KORUS)
Publisert av Tove Børset
Publisert 14.09.2021 09:27