Oppfriskingsdose til personar 18 - 64 år utan underliggande sjukdom

Bilde av koronavaksine - Klikk for stort bilde

Desse kan få oppfriskingsdose etter eige ønskje

Det er opna for at personar 18 - 64 år utan underliggande sjukdommar kan få oppfriskingsdose. Dette gjeld også helsepersonell. FHI presiserer at det ikkje er ei generell anbefaling om at alle i denne aldersgruppa bør ta ny dose, heller ikkje for helsepersonell. Kvar enkelt må ta ei vurdering av behov for ny oppfriskingsdose ut frå eigen situasjon. 

FHI si vurdering av behovet for oppfriskingsdose til denne målgruppa

Desse er anbefalt å ta oppfriskingsdose

  • Alle over 65 år
  • Personar 18-64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp
  • Ungdom 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • Gravide i 2. og 3. trimester bør ta ny oppfriskningsdose før haust- og vintersesongen 2022

Bestille og få oppfriskingsdose

  • Send epost til vaksine@surnadal.kommune.no
  • Ring Vaksinetelefon 913 79 001 -  ny opningstid: måndag og fredag kl. 12.30 - 15.00
  • Oppsette datoar så langt: 14. desember 2022 og 13. januar 2023

Oppfriskingsdose blir gjeve med oppdaterte variantvaksiner. Det bør ha gått minst 4 månader sidan sist du fekk koronavaksine.