Pressemelding - Ny kommunedirektør

Eit samrøystes kommunestyre har i møte 09.11.23 tilsett Lars Inge Kvande som ny kommunedirektør i Surnadal kommune.

Dette er ein viktig dag for innbyggjarane i kommunen, næringslivet, tilsette og folkevalde, seier ordfører Hugo Pedersen og Helge Røv, som no er leiar i rekrutteringsgruppa som formannskapet har nedsett i samband med rekrutteringsprosessen. Hugo Pedersen og Helge Røv seier vidare at dei er glade for at det no er tilsett ny kommunedirektør.

 

Kommunedirektøren er øverste administrative leier i kommunen og har ansvar for alle tilsette og kommunen sine tenester. Rekrutteringsbyrået Avantas frå Trondheim har bistått kommunen i rekrutteringsprosessen.