Restart og nye verkty for utvikling av Skei sentrum

Konseptskisse Skei sentrum - Klikk for stort bilde GPA arkitekter

Møte 31. oktober i Hovudutval for miljø, areal og teknikk (MAT)

Vegvisar: Fortetting med kvalitet i Møre og Romsdal

I MAT-møtet 31. oktober skjer den formelle relstarten av arbeidet med sentrumsplan når Møre og Romsdal Fylkeskommune presenterer sin nye vegvisar om fortetting med kvalitet. Skei sentrum og Molde utgjer vegvisaren sine metodiske case-studie for stedsanalyse og mulegheitsstudie med konkrete eksempel på innhald og visuell framstilling. Dette gjer vegvisaren ekstra relevant og spennande for oss!

Fylkeskommunen har bestilt denne vegvisaren som del av arbeidet med fylket sin strategi for attraktive byar og tettstader 2023 - 2026. Den er utforma i samarbeid med Gottlieb Paludan Architects (GPA) i Oslo og Trondheim og Advansia Trondheim.

Kunnskapsgrunnlag og metodikk

Vegvisaren tilbyr eit kunnskapsgrunnlag med verkty, metodikk og rammer for stedsutvikling og kommunal planlegging, og gir mange eksempel på kva kvalitet i utforming av tettstader kan vere. Den er ikkje ei plan eller ein strategi, men eit dokument som kan vere til hjelp.

Medlemmane i MAT blir i møtet nærmare kjent med vegvisaren i form av ein arbeidsverkstad under leiing av Håvard Stensønes.

Vegvisar Fortetting med kvalitet i Møre og Romsdal (PDF, 13 MB)

Sjå MAT-møte og presentasjon av ny veiledar 31.okt kl. 12.00 på Kommune-TV

Surnadal kommune sender direkte via Kommune-TV frå alle offentlege møte på Surnadal kulturhus (Svorkasalen) eller Surnadal kommunehus (kommunestyresalen).