Skattemeldinga - sjekk post 4.3.2 - Boligverdi

Frå og med 2020 vil Surnadal kommune bruke Skatteetaten sin utrekna marknadsverdi for boligar som grunnlag for utskriving av eigedomsskatten. Vi ber difor eigarar av bustader om å kontrollere at dei førehandsutfylte tala under post 4.3.2 i skattelikninga for 2018, som sendast ut av Skatteetaten, er riktige. Det er den enkelte skatteytar sitt ansvar å korrigere skattemeldinga si dersom han kan dokumentere gyldig takst som medfører endring i formuesverdi. I denne artikkelen har vi samla nyttig informasjon og veiledning til korleis du går fram.

Viktige sjekkpunkt i skattemeldinga

Post 4.3.2 - Bustadsopplysningar - Grunnlag for formuesverdi, Bustad/Bustadfellesskap/Bustadsameige

Klikk på biletet for å forstørre.

 

Marknadsverdi:

Sjekk at utrekna marknadsverdi for bolig er riktig. Dersom du meiner at utrekna marknadsverdi i den førehandsutfylte skattemeldinga er vesentleg feil, kan det lønne seg å endre skattemeldinga. Før du kan gjere endringar må du ha gyldig takst frå eigedomsmeklar/takstmann. Taksten må vere datert 1. juli 2018 eller seinare. Har du gyldig takst, treng du ikkje legge ved denne, men berre skrive riktig beløp for Marknadsverdi i kolonna Retta til, i punkt 4.3.2 i skattemeldinga.

Når skal du endre marknadsverdi i skattemeldinga?

Formuesverdien skal ikkje overstige 30% av marknadsverdi. Dersom førehandsutfylt beløp for formuesverdi overstig 30% av faktisk marknadsverdi, skal du korrigere skattemeldinga di med ny gyldig takst.

Sjekk reglane for fastsetting av formuesverdi av bolig.

Når treng du ikkje endre marknadsverdi i skattemeldinga?

Dersom førehandsutfylt beløp for formuesverdi vil utgjere mellom 25-30% av ny/gyldig takst, treng du ikkje endre skattemeldinga.