Søk i god tid om løyve til å køyre snøskuter til hytta

Mange hundre hytteeigarar i Surnadal må søke om nytt snøskuterløyve i år. Kommunen ventar stor pågang og lengre saksbehandlingstid enn vanleg.

Kvifor må du søke på nytt?

Mange tidlegare løyve vart gitt med gyldigheit fram til neste planlagde revisjon av dei kommunale retningslinene for motorferdsel i utmark. Desse løyva går derfor ut og må fornyast. Retningslinene er ikkje i seg sjølve eit løyve til å køyre snøskuter.

Sjekk om løyvet ditt framleis er gyldig, og søk så tidleg som mogleg dersom du treng nytt løyve.

Viktig når du søker

Søknadene blir behandla i den rekkefølga dei kjem inn. Gi alle nødvendige opplysningar, og beskriv transportbehovet ditt godt. Mangelfulle søknader fører til lengre saksbehandlingstid.

Les informasjonen om motorferdsel før du søker, sjølv om du har hatt løyve til den same hytta tidlegare.

Kor mange turar kan du få?

Dei kommunale retningslinene seier at det skal givast uavgrensa tal på turar for bagasjetransport til hytte, og at det kan givast uavgrensa tal på turar ved transport av personar med funksjonsnedsetting.

Dette er ikkje i samsvar med den nasjonale rettleiaren til motorferdsellova, som seier at talet på turar som hovudregel skal avgrensast. Kommunen må legge det nasjonale regelverket til grunn, sjølv om dei kommunale retningslinene seier noko anna.

Derfor vurderer kommunen transportbehovet i kvar enkelt søknad før vi avgjer kor mange turar det kan givast løyve til, eller om det kan givast uavgrensa tal på turar.

Har du fått løyve med eit avgrensa tal på turar, må du føre turane i køyrebeviset. Dette gjer det mogleg for politiet og Statens naturoppsyn å kontrollere at vilkåra blir følgde.

Leigekøyring er eit alternativ

I dei fleste delar av kommunen finst leigekøyrarar som kan transportere bagasje og personar til hytter. Du kan bruke ordninga sjølv om du ikkje har eige løyve, eller har brukt opp turane dine.

Tidlegare leigekøyringsløyve har gått ut, og kommunen opnar for nye søknader. Les nyheitssaka om leigekøyringsløyve eller sjå informasjon og oversikt over leigekøyrarar. Oversikta blir oppdatert når nye løyve er tildelte.

Ny motorferdsellov

Stortinget vedtok ei ny motorferdsellov sommaren 2026. Ifølgje Statsforvaltaren vil lova tidlegast tre i kraft sommaren 2027.