Sommarlesande surnadalingar

    Det var meir utfordrande å delta i «Sommarles» i år, men surnadalingane likar tydeleg nok utfordringar og heldt leseferdigheitene ved like også denne sommaren.

«Sommarles» er ein lesekampanje som biblioteka står attom. Forutan å spreie leseglede, skal «Sommarles» også bidra til at elevane «øvar seg» på å lese – slik at dei var like skjerpa når skuleklokka ringte inn igjen uti august. Kampanjen er difor retta mot 1.–7.klassingar.

Ein trudde at smitteverntiltaka, med eit redusert tilbod på biblioteket, ville føre til sterk nedgang i oppslutninga i sommar. Nedgangen er der, men ikkje så dramatisk som ein frykta. Deltakinga for alle kommunane i fylket har i snitt gått ned med fem prosent, medan nedgangen låg på to-tre prosent i Surnadal.

For å minske vanskane med redusert bibliotektilbod, hadde biblioteket eit enno tettare samarbeid med skulane i år. Utan den gode innsatsen derifrå ville ein nok ikkje nådd så mange lesne sider som det vart til slutt.

Dei 146 sommarlesarane i Surnadal registrerte å ha lese 1539 bøker på i alt 181 107 sider. Oppslutninga var på vel 32 prosent av dei som er i rette aldersgruppe. Snittet for fylket låg på knappe 26 prosent.

Alle som deltok fekk ein til tre premiar alt etter kor mange sider dei hadde lese og kor gamle dei var. Deltakarane fekk også tilgang til mange digitale godsaker på nettet.

Biblioteket hadde i tillegg fem ekstrapremiar som vart trekt ut av sommarles.no. Desse vann ekstrapremiane, som kan hentast på biblioteket: Ingrid Brekke (gåvekort), Jonas Bruvoll Fiske (gåvekort), Eyobiel Daniel Abraha (gåvekort), Erik Sollid Polden (kinobillettar) og Mia Kvande (kinobillettar).

 

Biblioteket er ope måndag–fredag kl. 11–15 (frå 15.09: måndag–torsdag kl. 11–16, fredag kl. 11–15).