Stangvik og Prestelva vassverk

StangvikSurnadal kommune ved Teknisk drift og entreprenørar vil måndag 11. mai kl 09 starte arbeidet med å koble til det nye behandlingsanlegget til Prestelva Vassverk.

Alle abonnentane til vassverket vil bli forsynt med drikkevatn på vanleg måte medan arbeidet pågår, men vil i ein periode kun få forsyning frå eit høgdebasseng.

Høgdebassenget har ein samla kapasitet på 250 m3. Arbeidet kan ta opptil 3 dagar.

Surnadal kommune vil difor oppfordre abonnentane til å begrense bruken av vatn medan arbeidet pågår. Dette kan gjerast ved å utsette vask av klede, bil og liknande. Abonnentane trenger ikkje å begrense bruken av vatn til mat og hygiene.

Varsling:
Surnadal kommune vil informere abonnentene på SMS og Facebook så snart anlegget er tilbake til ordinær bruk.

Bruk gjerne drikkevatnet til mat og hygiene på vanlig måte gjennom heile perioden.

Dette brukar vi vatnet til  VBA. Foto: Surnadal kommune.