Status koronavaksineringa i Surnadal kommune

Også Surnadal får litt fleire vaksinedosar i vekene som kjem. Dette gjer at vi blir ferdig ei veke tidlegare enn estimert med å kalle inn for 1.dose. Fortsatt er intervallet mellom 1. og 2.dose 12 veker.

Alle har no fått tilbod om time til 1.dose med koronavaksine

Denne veka når Surnadal kommune ein ny milepæl i vaksinasjonsarbeidet. Alle innbyggjarane skal no ha fått tilbod om time til 1.dose med koronavaksine.

Vi har no sendt ut tilbod om timer for vekene 31 og 32. Vi vaksinerer fortsatt på fredagar. Ordinært tilbod om å få 1.dose med koronavaksine vil vere desse vekene. Fortsatt er det vaksinetypen Pfizer/BioNTech vi tilbyr.

Vi ser at det i sommar har vorte lengre responstid hos innbyggjarane, noko som ikkje er uventa. Vi oppfordrar no alle innbyggjarar om å ta eit val for vaksine! Logg deg inn på c19.no for å gje ditt svar.

Ikkje motteke sms frå c19?

Surnadal kommune varslar sine innbyggjarar om at dei er prioritert for koronavaksine ved å sende ut ein sms frå c19 der det står følgjande: Du er prioritert for koronavaksinasjon: Logg inn på https://c19.no/vaksine for å bestille time så raskt som mulig. For hjelp til bestilling ring 91379001.

Har du ikkje fått sms så ta kontakt med vaksinetelefonen på tlf. 91379001.

Til deg som ikkje kan få 1.dose uke 31 og 32

Innbyggjarar som av ulike grunnar ikkje kan møte til time desse vekene har to alternativ for korleis dei kan gje tilbakemelding til kommunen.

  • Du kan logge deg inn på c19.no. Booke din time. Får du ein dato som ikkje passar avbestiller du denne. Da får du eit alternativ om «kan tidlegast» og fyller inn dato der.
  • Eller du kan ringe vaksinetelefonen for hjelp på telefon 91379001
  • Det er foreløpig ikkje ein generell anbefaling om vaksinering av gravide. Er du gravid og har motteke innkalling, kan du følgje same framgangsmåte som beskrive over, og sette tidlegast dato til etter svangerskapet.

Vi kan ikkje gje garanti for at vi har vaksinar å tilby som 1.dosar etter veke 33, da leveringane er usikre. Det er difor viktig at alle som ønskjer å ta koronavaksinen no bestiller seg time, eller tek kontakt med vaksinetelefonen for å planlegge sin time.

Venteliste

Det vil være mogeleg for deg som skal få 1.dose å få stå på venteliste for dei kommande fredagane, 30. juli og 6.august. Slik føringane er per i dag kan vi ikkje tilby deg som ventar på 2.dose å få stå på venteliste for å framskynde timen din, da vi skal prioritere dei som skal  ha 1.dose. Kjem det ei endring i dette vil det bli annonsert, ein treng difor ikkje å ringe vaksinetelefonen for å sjekke status på dette temaet.

Endring av time for dose 2

Alle får tildelt ny time automatisk etter at de har motteke første dose med vaksine, med 12 veker intervall mellom dosane. Vi ber om at dei som ikkje har særskilte grunnar til å endre om å la timen sin stå. Ein særskilt grunn kan vere ein time på sjukehus, off-shore eller sjørabeidar og liknande. Dei bør ta kontakt snarast etter første dose for å få endra sin vaksinetime.

Avbestilling av dose 2

Til alle som har takka ja og motteke første dose med vaksine i Surnadal og veit at dei ikkje kjem til å ta andre dose her. Når du har fått bekrefta at du vil få dose 2 ein anna stad: logg inn på c19.no og avbestill din time der eller ring vaksinetelefonen for hjelp.

Eigenerklæringsskjema

Vi minner om at det er viktig å ta med ferdig utfylt eigenerklæringsskjema til vaksinasjonsdagen. Utan dette kan vi ikkje vaksinere deg og vi må bruke unødig tid på vaksinasjonsdagen. Du kan skrive ut eigenerklæringsskjemaet frå Folkehelseinstituttet.no, eller hente utskrift på Surnadal kulturhus under trappa ved utlånsbøkene.

Dersom du har medisinske spørsmål kring eigenerklæringsskjemaet ber vi deg kontakte fastlegen din i forkant av vaksinasjonstimen.