Stikk UT! Vinter 2024

Vi startar friluftslivets år 2025 med 409 Stikk UT!-vinterturmål i fylket vårt. Første desember brakar det laus med ein ny vintersesong for Stikk UT! 

Stikk UT! og opplev det fine lyset, tenn eit bål og sjå på stjernehimmelen. Vi ønsker oss gode vinterforhold, god glid på ski og mulegheita for fine fotturar. Be gjerne med deg nokon på tur. 

Kle deg etter veret, ta med ein liten sekk med varm drikke, ein ekstra jakke, matpakke/tursnacks, hodelykt og eit par broddar for dei som går på beina. Sjekk turbeskrivelsen og værmelding. Da er du klar for fine turopplevingar.

Delta på Stikk UT! Ski og få premiar til Ski-VM

26. februar til 9.mars 2025 er det Ski-VM i Trondheim. I den anledninga har vi en kampanje «Stikk UT! Ski til Ski-VM i Trondheim» der deltakarane som registrerer minst 10 skiturar innan 1.februar er med i trekkinga av billettar til VM. I starten på februar blir 3 vinnarar trekt ut og får 2 billettar kvar til Ski-VM.

Feiring av Friluftslivets år 2025

Foto. Grue i kvilebua på kavlvegen - Klikk for stort bildeGrua i kvilebua på Kavlvegen kultursti Surnadal kommune

Vi inviterer alle til å bli med og feire Friluftslivets år 2025. Dette kick-startar med «Hele Norge båler» 18. januar og påfølgande veke. 

Ta gjerne turen til ein gapahuk eller grue til fots eller på ski og tenn bål saman med turvenner i veke 3. Ta omsyn til naturen og etterlat den like fin som før.

Nyheit!

Registrering av Stikk UT!-turmål har tidlegare foregått både på stikkut.no og i Stikk UT!-appen. I sommarsesongen vart muligheita for registrering tatt vekk fra stikkut.no. 

Stikk UT! har fått tilbakemeldingar frå deltakarane som har sakna dette. I løpet av vintersesongen blir mulegheita for å registrere turane på stikkut.no i tillegg til Stikk UT!-appen innført igjen.

Stikk UT! Vinter varar heilt fram til 22. april 2025. Friluftsråda og skikretsen ønsker alle god tur!

Foto. Skiløyper på Nordmarka - Klikk for stort bildeSkiløyper på Nordmarka

Fakta om Sikk UT! Vinter:

Stikk UT! er gratis og ope for alle! Stikk UT! Vinter består av skiturar og fotturar og er eit samarbeid mellom friluftsråda i fylket, hovedsponsor Sparebanken Møre, 50 skiklubbar i Møre og Romsdal skikrets, skisentre, løypelag, deltakarkommunane og mange dyktige frivillige. Alle kommunane i Møre og Romsdal, Heim i Trøndelag og Bjorli i Lesja kommune er med. Vårt mål er å auke aktiviteten og deltaking i friluftsliv i vinterhalvåret. Dei fleste Stikk UT! Ski-turmåla går i løypenett. Informasjon om når skiløypene er tråkka ser du i Stikk UT!-appen der løyper.net er integrert. Turmåla registrerast i Stikk UT! -appen og på stikkut.no (kjem seinare i sesongen). Takk til alle frivillige i fylket som legg ned ein stor innsats for friluftslivet.

Turmål i Surnadal - Stikk UT! Vinter 2024

  • Garthøglia
  • Holtamoen - lysløypa
  • Hyllrabben
  • Kallset
  • Klåberget
  • Løålikjølen
  • Magretlia
  • Mo kyrkje
  • Nedre Skeisnebba
  • Øvre Finnvikslettet
  • Øygardshalsen
  • Rundt Gryta
  • Rundt om Kraftstasjonen
  • Skeisnebba
  • Tjønnmyran
  • Toåa tursti

Liste over turmål for heile regionen Stikk UT! Vinter 2024 (PDF, 219 kB)

Logo. Stikk UT Vinter - Klikk for stort bilde