Støtte til kulturlivet

Det finst fleire ordningar for å hente støtte til kulturlivet, også på hausten. Dei er gjerne meir «spissa», så ordningane passar ikkje for alle. Men her er i alle fall nokre:

Frist 01.09:
Frivillige lag og organisasjonar kan søkje om momskompensasjon frå Lotteri- og stiftelsestilsynet som skal fordele heile 1,685 milliardar kroner. Gå inn på https://lottstift.no/ og finn ut meir.
 

Frist 15.09:
Krisepakka for frivilligheita. Sjekk om de har rett til å få kompensert tapte inntekter som følgje av innførte smitteverntiltak på https://lottstift.no/.
 

Frist15.09:
Surnadal kommune gir prosjektsstøtte til kulturtiltak. Dette er altså ikkje støtte til det ein reknar som vanlege driftstiltak («kulturmidlar»), men til enkeltprosjekt som er avgrensa i tid. Sjå eige skjema: https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=229&externalId=1566&fbclid=IwAR0jErtooytAd_OSpOhE6IWUNn6GzQSmG-h8i7E5ybsC9spG9p-C2athJkY

 

Møre og Romsdal fylke har også ulike ordningar som går til kulturtiltak, som t.d. konsertstøtte. Gå inn på https://mrfylke.no/tilskot-prisar-og-stipend for fleire opplysningar. Minner også om at frist for å kome med kandidat til fylkeskulturprisen er på hausten.