Svømmehall

Svømmehallen har i lengre tid vore stengt på kveldstid, men er f.o.m. 06.02.2024 open med eit redusert tilbod på kveld, tysdag og onsdag (sjå tabell på denne sida).

Om svømmehallen

Svømmehallen ligg på skuleområdet ved Surnadal barne- og  ungdomsskule.

  • Svømmehallen har lengd 16.66 m og har 5 banar. Det er ei felles badstue.
  • Svømmehallen opnar om hausten 1. september og følgjer vanlegvis skuleruta.

Billettprisar.

  • Barn: kr. 35,- 
  • Vaksne: kr. 70,-

Svømmehallen har kortautomat.

Leige av svømmehallen ved normal drift: 

Lag og andre kan søke om å få leige svømmehallen til faste tider gjennom heile skuleåret. Søknadsfrist for det kommande skuleåret er 15. april.

Opningstider i svømmehallen

Opningstider i svømmehallen
Vekedag Reservert målgruppe Tidspunkt
Tysdag Barn med følgje 16.30-18.30
Familiebading 18.30-20.00
Vaksne 20.00-21.30
Onsdag (oppvarma basseng) Babysvømming 16.00-17.15
Reservert Surnadal helsesportlag, tlf. leiar 45078379 17.30-19.30
Reservert Surnadal og Rindal revmatikerforening, tlf. leiar 97082493 19.30-21.00
Torsdag (midl. stengt på kveld) Familiebading 18.30-20.00
Vaksne 20.00-21.30
Fredag (midl. stengt på kveld) Vaksne 17.00-19.00