Kva inneheld eigedomsskatteseddelen?
Eigedomsskatteseddelen blir sendt til alle heimelshavarar for eigedomen og inneheld opplysningar om eigedomen, verdsetting, skattesats og utlikna eigedomsskatt.
Eigedomsskatt blir fakturert saman med dei øvrige kommunale avgiftene i 4 terminar med forfall 20 mars, 20 juni, 20 september og 20 desember. Utsendt faktura skal betalast sjølv om taksten blir klaga på.
Eigedomsskatteseddelen viser dei viktigaste opplysningane som ligg til grunn for utrekninga av eigedomsskatten din og inneheld:
- Takseringsgrunnlag: Verdien kommunen har sett på eigedomen
- Skattesats: Prosenten kommunen brukar for å rekne ut eigedomsskatten.
- Utrekna eigedomsskatt: Kva du skal betale for heile året
- Opplysningar om eigedommen: Adresse, gards- og bruksnummer, type eigedom m.m.
- Klageinformasjon: Korleis du kan klage og fristar for dette.
Har du problem med å opne digitale brev?
Kommunen brukar tenesta SvarUT til å sende digital post. Enkelte mottakarar har problem med å få opna posten i Digipost-appen på iPhone eller iPad, eller på andre mobiltelefonar og nettbrett.
Om du har problem med å opne posten i appen, anbefaler vi at du i staden brukar ein vanleg nettlesar: Gå på www.digipost.no dersom du brukar Digipost eller www.e-boks.no hvis du brukar e-Boks. Bruk helst PC om du har tilgang til det. Hugs at du alltid må logge inn via ID-porten, ikkje med brukarnamnet og passordet som du kanskje brukar for å få post frå private avsendarar.
Innbyggarar som har fått brevet i Altinn og ikkje opnar brevet innan 2 virkedagar, får det automatisk ettersendt i normal brevpost.
Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål.
Du kan også reservere deg mot digital kommunikasjon frå det offentlege. Da må det offentlege sende deg brev i posten på papir. Reserver deg på Norge.no
Eigedomsskatteliste og fritaksliste 2026 er lagt ut til offentleg ettersyn.