Vallokale og opningstider i Surnadal kommune på valdagen

Surnadal kommune har 2 dagars val: Søndag 12. og måndag 13. september 2021. Under finn du opningstidene for vallokala i dei ulike kretsane i kommunen.

Vallokala i den enkelte krets har desse opningstidene:

Nedre Surnadal krets - Surnadal Idrettshall:

  • Søndag 12. september - kl 14.00 – 19.00
  • Måndag 13. september - kl 10.00 – 20.00

Desse vallokala er opne måndag 13. september kl 12.00 – 20.00:

  • Mo krets - Mo skule
  • Bæverfjord krets - Bæverfjord skule
  • Bøfjorden krets - Bøfjorden grendahus
  • Stangvik krets - Stangvik skule
  • Todalen krets – Todalen, i barnehagebygget

Veljarar i karantene

Veljarar som er i karantene skal ikkje stemme i eit ordinært vallokale. Er du i karantene kan du kontakte Surnadal kommune valdagen måndag den 13. september på telefon 71 65 58 00 i opninstida kl. 09.00 til kl. 15.00. Du kan og sende ei melding til: post@surnadal.kommune.no seinast måndag den 13. september kl. 15.00. Vi formidlar kontakt med aktuelt stemmestyre, som vil avtale tidspunkt for å ta imot stemmen din i bil utanfor vallokale i opningstida.

Dersom du ikkje har høve til å møte i bil, kan du før kl. 10.00 valdagen den 13. september søke om ambulerande stemmegjeving/stemme heime. Då sender du ei melding til post@surnadal.kommune.no eller ringer telefon 71 65 58 00.

Veljarar i pålagt isolasjon

Dei som er pålagt isolasjon eller nærkontakt- karantene grunna covid-19 og slik ikkje kan møte i eit ordinært vallokale på valdagen, vil få informasjon frå smittesporingsteamet om kva dei skal gjere.

Hugs å ta med legitimasjon og valkort!