Kort om stillingane
Vi søkjer vikarar for arbeid i turnus både på kvardag og helg.
Om oss
Vi har pr i dag 61 institusjonsplassar med langtidsavdelingar, demensavdeling og korttidsavdeling. Det er knytt ein observasjonspost til korttidsavdelinga.
Hos oss er det stort fokus på;
Fagutvikling, kvalitet i tjenestene, velferdsteknologi, aktiviteter, matglede og refleksjon
Arbeidsoppgåver
- pleie og omsorgsarbeid i samarbeid med kollegaer
- aktiviteter med pasientane
- dokumentasjon i fagsystem
- legemiddelhandtering for dei med helsefagleg utdanning
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som har relevant utdanning, eller deg som er i gang med helsefagleg utdanning. Andre med relevant erfaring og gode referansar kan óg bli vurdert.
Vi ønskjer at du er pliktoppfyllande, positiv, løysingsorientert og fleksibel, og at du har interesse for å arbeide med eldre på institusjon. Vi treng at du er arbeidsom, tek ansvar, viser initiativ og har gode samarbeidsevner. Personlege kvalifikasjonar vil bli vektlagt.
Søkjarane må kunne kommunisere godt på norsk og ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Vi tilbyr
- varierte oppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
- lønn iht. gjeldande avtaleverk
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsettingsvilkår
For stillinga gjeld vanlege kommunale tilsettingsvilkår.
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før tiltreding.
Kontaktpersonar
Marit Moe Kvendbø, einingsleiar sjukeheimen, tlf. 97509871, epost: marit.moe.kvendbo@surnadal.kommune.no
Søknad sendast
Epost: marit.moe.kvendbo@surnadal.kommune.no
Søknadsfrist
22.08.21
Vår visjon:
Vi skal vere ein aktiv institusjon der kvar enkelt er verdifull
Følg oss på Facebook @surnadalsjukeheim