Dette skjer når du får eit nødvarsel:
- Telefonen vibrerar og spelar av ein høg sireneaktig lyd.
- På skjermen kjem det ein kort tekst som fortel deg kva som skjer og kva du bør gjere. Dersom telefonen din støttar tekst til tale kan du få meldinga lest opp.
Når du mottar eit nødvarsel, skal du stoppe opp, lese eller lytte til varselet, og følge rådet.
Når skal Nødvarsel brukast?
Den første tida etter lansering kan Nødvarsel brukast til å varsle om akutte og alvorlege hendelsar som gjeld store delar av landet. Det kan vere hendelsar med radioaktivt utslepp, alvorleg terror eller andre ulykkes- og katastrofesituasjonar, kor befolkninga må varslast raskt.
Etter kvart skal Nødvarsel rullast ut for bruk ved akutte og alvorlege hendelsar lokalt og regionalt.
Systemet skal også testast av og til. Du kan sjå planlagte datoar for testing på www.nodvarsel.no.
Les også: Kva får du varsler om?
Befolkningsvarsling og informasjon
Nødvarsel på mobil er eit tillegg til dei kanalane som allereie blir brukt for å varsle befolkninga. I Norge har vi lenge hatt befolkningsvarsling via tyfoner, som med høg lyd gir signal om at du må oppsøke informasjon.
Ved ei alvorleg hending vil viktig informasjon bli delt i mange kanalar, som for eksempel på radio, tv, nettaviser, myndigheitenes eigne nettsider og på sosiale medier.
Sjå spørsmål og svar om nødvarsel på mobil.