Psykososialt kriseteam

Det psykososiale kriseteamet er ein del av beredskapsorganisasjonen i Surnadal kommune.

Kva gjer psykososialt kriseteam?

Kommunen skal sørge for nødvendig psykososial hjelp og oppfølging i ein akutt situasjon/beredskapssituasjon. Kommunen skal også sørge for nødvendig hjelp etter sjølve hendinga. Dette er ein lovfesta rett du har. Dette kan for eksempel vere:

  • Tidleg hjelp for å førebygge og redusere psykiske plagar.
    • Dette inneber at kriseteamet tek kontakt med deg som er ramma og tilbyr støtte og bistand i ein tidleg fase
    • Du skal bli kontakta på nytt, dersom du ikkje ønsker eller er i stand til å ta i mot hjelp umiddelbart etter hendinga
  • Sørge for at du har ein namngitt kontaktperson som bidrar til kontinuitet og tryggheit i oppfølginga di.

Du har rett til å medverke i den psykososiale oppfølginga, og den skal vere tilpassa deg.

Les meir om helsehjelp ved traumatiske hendingar på helsenorge.no

Kven aktiverar kriseteamet og korleis få hjelp?

Ved større hendingar og kriser opprettar kommunen kriseteam. Psykososialt kriseteam består av:

  • fagkoordinator psykisk helse (leiar)
  • prest
  • kommuneoverlege
  • PPT-leiar
  • aktivitetskontakt
  • politi

Behovet for psykososial oppfølging rett etter hendinga vil variere. Du skal difor få eit tilbod som er tilpassa dine føresetnader, behov og din situasjon. Kriseteamet kan aktiverast av kommunens kriseleiing, vakthavande lege, alarmsentralen (AMK), politiet og medlemmar i kriseteamet. 

Dersom kommunen ikkje veit at du har vore involvert i hendinga, bør du sjølv kontakte kommunen for å få oppfølging. Du kan også kontakte fastlegen din, som vil henvise deg vidare.