Forslag til endring av vedtektene for SFO-ordninga frå hausten 2023

Foto. Fargestiftar. - Klikk for stort bilde canva.com

Hovudutval for oppvekst har vedtatt forslag til endring av vedtekter for SFO-ordninga. Dette er no på høyring:

Om denne høyringa

I forbindelse med implementering av ny rammeplan for skulefritidsordningane (SFO) frå hausten 2021, og ordninga med gratis kjernetid i SFO for førsteklassingane frå hausten 2022, er det behov for å revidere vedtektene vi har i kommunen. Frå hausten 2023 vert det truleg også innført gratis kjernetid for andreklassingar.

Vedtektene for SFO i Surnadal vart sist revidert den 16.12.21.

Vedtektene er ei lokal forskrift, og dersom noko skal endrast, skal forslaget som hovudregel leggast ut på høyring, jf. Forvaltningslova §37.

Saksbehandling og høyringsdokument

Hovudutval for oppvekst har behandla saka i møte 17.03.2023 som sak 8/23

Følgande vedtak vart fatta:
Forslag til endring av vedtektene for SFO- ordningane i Surnadal frå 01.08.23, vert lagt ut til offentleg høyring. I tillegg vert forslaget sendt til foreldras arbeidsutval (FAU), skulane sitt skulemiljø - og samarbeidsutval (SSU), og tillitsvalde og verneombod ved skulane i kommunen. 

Høyringsdokument med forslag til endringar finn du her. (PDF, 326 kB)

Høyringsfrist 21.05.2023

Send gjerne innspel som sikker digital post. Hugs å oppgi saksnummer til saka du gir uttale til.